Helselag2018-10-28T18:46:15+02:00

Helselaga er lokalavdelingar av Nasjonalforeningen for folkehelsen.
Føremålet med organisasjonen er å jobba for å informera om gode kostvanar og sunt
levesett, og dei gjev støtte til lokale tiltak som fremjar folkehelsa. Dei har stort fokus på hjarte og demens.

Fotlandsvåg helselag si viktigaste oppgåve er drifta av eldreboligane i Smøiatun.
Dette er 17 små utleigeleilegheiter som er svært populære blant eldre som gjerne vil bu enklare enn før.
Der vert lokale innbyggjarar prioriterte, og ein tek òg omsyn til alder og/eller helse.
Helselaget arrangerer Hjertemarsj i mai. Då treffast bygdefolket i Sekskanten i Smøiatun, går tur med innlagt
quiz i turløypa, et frukt og vaflar og pratar over ein kaffikopp.
Første søndag i advent inviterer me til tenning av julegrana i Smøiatun, drikk gløgg, syng julesongar
til musikk frå musikklaget, går i fakkeltog på leiting etter nissen, og samlast i Sekskanten.

Kvar tysdag føremiddag samlast mange eldre i Sekskanten til koseleg samling med song, prat, handarbeid
og middag (maten må ein betala sjølv). Dette er eit svært godt likt tiltak.
Me hjelper til på demensaksjon og tv-aksjon.

Me vil svært gjerne ha fleire medlemmar, og du kan melda deg inn på nettstaden
www.nasjonalforeningen.no/bli-medlem.

Nyheter helselag