Musikklag2018-10-13T12:28:40+02:00

Velkommen til Fotlandsvåg musikklag

Fotlandsvåg musikklag vart skipa i 1922.

Etter ein del år med kjøp av instrument på avbetaling, prøving og feiling
vart det for alvor fart i marsjane frå 1932.

Det har sjølvsagt vore både gode og vanskelege år for musikklaget
gjennom alle desse åra.

Musiklaget har vore ein sikker medspelar i bygda og bygdene omkring i mest
alle desse år. Forutan 17.mai speling i heimbygda, Tysse, Hosanger og
Bysheim, har laget ofte vore å høyra i kyrkja framåt jul og sjølve julafta.

Fotlandsvåg musikklag var tilskipar av musikkstemner både i 1951 og 1965.

I åra 1981-1985 skipa musikklaget saman med idrottslaget til Osterøy-
messa i Fotlandsvåg. Dette var både ei salsmesse og ei underhaldnings-
messe. Heile bygda hjelpte til og det kom mange tilreisande til messa.

I fyrstninga av 80-talet fekk musikklaget ein medspelar i bygda då
Fotlandsvåg skulemusikk vart skipa. Det var stor stas då heile to korps
byttest om å spela 17.mai. Mange eldre musikantar felte då ei tåre.
Etter nokre år måtte skulemusikken gje seg. Nokre av musikantane
reiste ut på skular, og dei som var att måtte vera med å berga
vaksenkorpset.

Dei musikalske høgdepunkta kom i åra 1983-1985.
I 1983 og 1984 vann Fotlandsvåg musikklag Noregsmeisterskapen for
brassband i 3. divisjon i Grieghallen. I 1984 kom laget på 2. plass i denne
tevlinga, men då vann me 2. divisjon i Hordaamatøren.

Saman med teatergruppa har laget skipa til mange revyar og show i
tillegg til konsertar i Grendahuset.

Laget har delteke på mange musikkstemner og tilskipingar kring i
fylket. Den største utferda var ei veke i Spania hausten 2017. Me
heldt fleire konsertar, mellom anna i sjømannskyrkja i Alicante

I dag tel laget 13 aktive musikantar. Rekrutteringa har alltid vore ei
utfordring, .og er det framleis.
Likevel har me eit ganske omfattande program gjennom året. Me spelar
fast i bygda og nabobygdene 17. mai. Me spelar og ved minnemarkeringa
etter dei falne i Bjørn West ute med kyrkja. Me spelar til adventsopning i
Smøyatun kvar jul, og har vår eigen julakonsert i kyrkja kvar desember.
Me spelar og ved gudstenesta julafta.

Saman med andre korps frå Osterøy deltek me på den årlege korps-
konserten kvar haust.
I dei seinare åra har me og spelt fast på Vårmarknaden i Fotlandsvåg

Elles har me eit par tilskipingar i Grendahuset kvart år.

Me treng fleire aktive medlemmer; så har du lyst har du lov. Me har
flotte instrument som ventar på deg!

Me vonar i alle høve at me er oppegåande og at du er med oss i 2022.

Då skal me feira 100.års jubileum!

Nyheter musikklaget