Grendaråd2018-10-28T18:40:03+02:00

Velkommen til Grendarådet – Pådrivar for og skape trivsel, tryggleik og positiv utvikling for alle i bygda

Etter at Osterøy heradsstyre gjennomførte ei omorganisering av det politiske systemet i Osterøy på 1980-talet, vart det laga til ei nyskiping i bygdene, nemleg grendaråda.

Den politiske omorganiseringa medførte at heradsstyret vart redusert frå 35 representantar til 27 representantar.

Ei av grunngjevinga var at ein kunne spara pengar ved mindre administrasjon av det politiske arbeidet, og mindre utgifter til møtegodtgjerdsler.

Men dette medførte og at ein fekk eit demokratisk underskot mellom anna ved at mange mindre bygder og miste sine politiske representantar til heradsstyret.

For å bøta på dette tok kommunen initiativ til å skipa grendarådi alle bygder.
Grendaråda skulle velgjast i bygdene, og dei skulle vera eit bindeledd mellom bygda og kommunen.
I mange bygder har det vore aktive grendaråd som mellom anna har gjeve uttalar i plansaker som vedkjem bygdene.
Desse høyringane veg tungt i den politiske handsaminga vidare.
Mange grendaråd har og skipa til eigne tiltak.

Fotlandsvåg grendaråd har bygt den flotte leikeparken i Vågen. Elles har det vore rydda og planta i sentrum.

Fotlandsvåg grendaråd er i dag svært aktivt og driv mellom anna eit større LiVOGLyst-prosjekt i bygda.
I dette prosjekteter det no mange underprosjekt der mange fotlendingar arbeider med mange ting i Fotlandsvåg.

Nyheter grendarådet